Prøv naturens eige supergjødsel
Bløme er larvelort og restar frå skalet som larvane har vekse ut av. Det er eit unikt organisk universalgjødsel som er naturleg tørt og luktfritt.
Bløme styrkar plante og jord
Insekt spelar ei viktig rolle i økosystemet for å gjere næringstoff tilgjengeleg for planter. Bløme er ekstret frå insekt som fremjer vest, styrkar planta og betrar mikro-livet i jorda.
Naturleg tørt og luktfritt
Gjødselet er naturleg tørt og kan oppbevarast. Det er luktfritt, og kan enkelt brukast både inne og ute – til urter, prydplanter eller kjøkkenhage.
​
Tilgjengeleg som 275 g boks med naturlig tørt pulver til å bruke inne, og som 2 kg pose med granulat til å bruke ute.
Bra for jorda di, bra for jorda vår
Larvane våre et matsvinn og restråstoff frå daglegvare og matindustri. Slik dannar dei raskt verdifulle proteinar og eit godt naturleg gjødsel. Det er ei bærekraftig, fornybar kjelde til dei stoffa plantene treng for å vekse. I tillegg fører den nytt mikroliv til jorda, i staden for å utarme den. Det er sirkulær økonomi i praksis!
Inneheld kitin – ein naturleg biostimulant
Larvane skiftar skal fleire gonger gjennom livet, og tilfører kitin til vårt gjødsel. Kitin har dokumentert effekt på å stimulere immunforsvaret til planter, fremje vekst og hindre enkelte plantesjukdommar og insektsplager.
Godkjend for økologisk dyrking
Bløme er godkjend for økologisk dyrking, og godt eigna for kjøkenhage med vekselbruk. NPK-verdi er 3-2-3.
Frigjer næring over tid
Mykje av næringa i Bløme er organisk bunde. Det vil seie at næringa i første omgang berre er tilgjengeleg for mikrolivet i jorda, som over tid bryt den ned så den vert tilgjengeleg for plantene. Slik får plantene stabilt tilgang på næring gjennom vekstsesongen, samtidig som jorda vert betre.
Årets hageprodukt 2019
Bløme vart kåra til årets hageprodukt i 2019 på Den Store Hagemessen.
Slik brukar du Bløme
Til urter og potteplanter
Enten...
Bland inn 1 spiseskei Bløme per liter med jord når du plantar ut.
​
Eller...
Strø 1-3 teskeier over jorda, og bland inn i det øvste jordlaget.
​
Vatn godt etterpå. Vent til det øvste jordlaget er tørt før du vatnar igjen.
​
Tilråda bruk: Bruk Bløme ein gong i måneden gjennom vekstsesongen for best effekt.
Til kjøkkenhage
Når me haustar frå hagen, tek me næring vekk frå jorda. Bløme gir næring tilbake til mikrolivet i jorda, som over tid gjer det tilgjengeleg for plantene. Slik styrkar det både jord og plante, og er nyttig i ein kvar kjøkenhage.
​
Bløme er særleg nyttig dersom du har:
-
Næringsfattig jord
-
Næringskrevjande planter
-
Avgrensa tilgang på kompost og planterestar
-
Plantehelseproblem frå sopp eller insekt
For hage og bed
Strø Bløme over jorda, og bland inn i det øvste jordlaget.
Jordblanding til potter og pallekarmar
Bland Bløme inn i jorda før du planter.
Gjødsling i sesong
Strø ei handfull Bløme på jorda ein gong i måneden for ekstra god vektst.
Bløme kan kjøpast her
I butikk
-
Felleskjøpet over heile landet
-
Enkelte Hageland-butikkar
-
Naturhistorusk museum, Oslo
​
På nett
​
For meir info eller bestilling av større kvantum
Kontakt bloeme@invertapro.com