Me oppskalerer til store fabrikklokaler
Vellykka folkefinansiering
I november opna Invertapro for folkefinansiering med mål om å nå mellom 9 og 15 millionar kroner. Kampanjen vart raskt fullteikna, og med fleire investorar som gjerne ville vere med, utvida me til 16 millionar.
​
Folkefinansieringa er no avslutta, og me kan ønska 370 nye aksjonærar velkomne til å vere med å jobbe for ei meir sirkulær framtid.
Me byggjer kommersiell fabrikk
Invertapro er spesialistar på å utnytte lokalt matsvinn og restråstoff til insektproduksjon.
Me har utvikla Norges første pilotfabrikk, basert på ei rekke forsking- og utviklingsprosjekt. Sidan 2016 har me opparbeida nødvendig kompetanse om biologi, automatisering og sluttprodukt.
Invertapro har ferdigstilt planar, lokalisering og teknologi for kommersiell insektfabrikk. I dag jobbar me med detaljar for bygg og samlokalisering med partnarar, og er på terskelen for å opne eit nytt kapittel for insekt-produksjon i Noreg.
​
Me ser etter investorar som vil satse på sirkulær økonomi. Følg emisjonen på Folkeinvest for å få tilgang på informasjon.
Potensialet i industriell symbiose
Våre larvar er generalistar som raskt kan bryte ned og omdanna ei lang rekke råstoff til verdifulle næringsstoff, men dei er òg spesialistar som kan nytte ressursar andre dyr ikkje kan ete.
Ei samansett symbiose med fleire aktørar i bioøkonomien kan gi meir stabilitet og endå betre utnytting av råstoffa. Invertapro har etablert samarbeid med renovasjons-selskapet BIR, og skal ha felles sortering av råstoff med det nye biogassanlegget for vår region. I tillegg jobbar me for å utvide symbiosen ved å inkludere biorest og næringar som vertical farming og algeproduksjon.
​For å lukkast med insektproduksjon og sirkulærøkonomi, må ein ha full klaff med biologi, teknologi og økonomi. Problemstillingane ein må løyse i er samansette. Invertapro er den eldste insektprodusenten i Noreg, og har bana veg med ei lang rekke FoU-prosjekt for å byggje opp ein produksjonsmodell frå grunnen av. Me har eit tverrfagleg team med ein stor mengde know-how og kompetanse, rigga for etablere og vidareutvikle effektive løysingar i sirkulærøkonomi.
Det unike med vår produksjon
Innovativ metode for stabilisere våtfôr
Kjernen i Invertpros nyvinning er evna til utnytte matressursar med høgt væskeinnhold. Det opnar for at me kan produsere insekt basert på ressursar som i dag er avfall, frå daglegvare og matindustri. Det ligg også til grunn for vårt unike samarbeid med renovasjons-selskapet i vår region, BIR. Invertapro har søkt om patent for prosessen.
Fleksibel produksjonsmodell
Vår modell er utvikla til å vere effektiv ved fleire ulike produksjonsvolum. Det er viktig i skaleringsfase, men også for å handtere eventuelle sesongvariasjonar, eller ulike volum når me utvider til fleire nye fabrikkar.
Robotisert fôring og sortering
Invertapro har utvikla produksjonssystemet på eigenhand, ved å skalere sakte frå konsepttesting til pilotfabrikk, og er no klar til å bygge storskala fabrikk. Det har gitt oss ein enorm mengde kompetanse og know-how om det komplekse samspelet mellom biologi, teknologi og marknad. Det reduserer risikoen ved å skalere til større fabrikk.
Klimaeffekt i verdsklasse
Vår insektproduksjon har 90 % mindre klimautslepp enn rådande fôrmiddel til fiskeoppdrett. Den er også meir klimaeffektiv enn dei fleste insektprodusentane, av fleire ulike årsaker: Me nyttar matavfall som substrat, me omset larvelort til gjødsel så ingen ressursar går til spille, me har utvikla prosessar med lågt forbruk av straum og vatn, og me er lokalisert der det er tilgang på rein energi og rikeleg med drikkevatn.